Grønnsakdyrking blir tema i Sunnylven Bygdekvinnelag
-Lag deg kjøkkenhage og dyrk dine eigne grønnsaker. Det er tema på Sunnylven Bygdekvinnelag sitt vårmøte på Sunnylvsbygda grendahus 12. mai.
Å dyrke sine eigne grønnsaker er både triveleg, spanande og lønsamt, har mange oppdaga etter kvart.
Når Sunnylven Bygdekvinnelag inviterer til vårmøte på Sunnylvsbygda grendahus blir «Dyrk dine eigne grønnsaker» tema. Det blir orientering om fleire faktorar for eit godt resultat, om jordkvalitet, gjødsling, sortar som høver og vekstforhold.
Leiar i Sunnylven Bygdekvinnelag, Gunhild Kvam er lærar i skulen av profesjon, og på møtet får ho rolla som landbrukslærar. På Karbø i Sunnylven har Gunhild dyrka fleire sortar grønnsaker, både på friland og i drivhus og hausta gode avlingar og kunnskap.
På vårmøtet vil ho dele sine erfaringar frå det som er ein nyttig og interessant hobby på fritida.
På vårmøtet som er torsdag 12. mai klokka 20.00 blir det servert jordskokksuppe og fruktsalat. I tillegg blir det utlodding, og høve til å byte plantar, opplyser styret og ønskjer vel møtt!