Lokalnytt

Gull og sølv av -råvarer i verdensklasse-

Dekorert som norske sportsmenn står dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal t.v. og Frank Øksvang med gull -og sølvmedaler etter NM i kjøttvarer. Tidenest beste , heiter det på bedrifta si heimeside.

Kjøttvareprodusent Ole Ringdal AS på Hellesylt har delteke i NM til Kjøtt -og fjørfebransjens Landsforbund. Der vart dommarane imponert nok ein gong og delte ut raust med heider til bedrifta

Bedrifta Ole Ringdal AS kunne reise heim med fire gull og to sølv frå NM i kjøttprodukt i år. Bedrifta fekk gull for Alpepølse snabb, Spekemør urøykt i kveil, Grillmør, og Marinert Svin indrefilet.
Det vart også Diplom og sølv for Spekemør røykt i kveil, og Marinert nakkekotelettar.

Hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt har delteke i NM til Kjøtt -og fjørfebransjens Landsforbund flere ti-talls gonger og alltid utmerka seg med gode varer. Veggen i kantina heime på Hellesylt er etter kvart blitt full av diplomar frå tidlegae NM og denne gongen får den eit svært så stort påfyll av heidersbevis.
Vi har ikkje kome i kontakt med dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som er på reise, men «saksar» ein kommentar frå han på heimsida til bedrifta:

-Fire gull og to sølv er knallsterkt, står å lese på facebook-sida der dagleg leiar Ringdal takkar sine dyktige tilsette og som han seier står på og leverer kjøttvarer i toppklasse.
Han sender også rosande ord til lokale bønder som støttar bedrifta med gode råvarer, slakt i verdensklasse, legg han til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380