Har av landets beste pølsemakarar

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt henta heim fire gullmedaljer og to sølvmedaljer frå NM for grill -og spekemat nyleg. Tysdag feira leiing og tilsette medaljefangsten med kaffi og marsipankake.
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal er meir enn stolt av heideren bedrifta vart seg tildelt under NM i kjøttvarer nyleg. Fire gull og to sølv med diplom er det beste resultatet nokon gong.
Og med den knallharde konkurransen som er mellom kjøttvareprodusentar om publikum sine smakar blir prestasjonen enno større.
-Vi har dyktige og erfarne folk i alle avdelingar og vi har våre hemmelegheiter, både når det gjeld krydder og marinadar, seier Ole A. Ringdal.
Tysdag spanderte han marsipankake på alle sine tilsette og følgde på med takkeord.
Det er ikkje berre å reise og hente fire gull og to sølv. Resultatet er takka vere våre tilsette som står på heile tida, det er dei på «golvet» i bedrifta som er vinnarane, det er dei som skal ha æra, sa Ringdal.
Og til hellesylt.info la han til;
-Vi har av norges beste pølsemakarar, men slike toppresultat kjem fyrst og fremst av at dyktige tilsette jobbar godt i lag.
Produkta som henta «heim» gull og sølv med diplom som gjer premieveggen i kantina enno lenger var;
Gullmedalje med diplom
Spekemør urøykt i kveil
Alpepølse
Grillmør
Marinert Svin indrefilet
Sølvmedalje med diplom
Ringdal mør, røykt i kveil
Marinerte Nakkekkotelettar