Lokalnytt

Har starta sesongen med rib-båtturar

Det går unna når båtføraren dreg på i 30 – 40 knops fart. (Rust foto/Bonsaksen)

I dag 1. mai startar selskapet Bonseye med opplevingsturar i rib-båtar på Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden. Selskapet har fast base ved eiga flytebrygge ved Grande Fjord hotel i Geiranger.

Bonseye AS har fire rib-båtar til sesongen med oppleving -og fjordturar på indre Sunnmøre. Dagleg leiar i selskapet Bente Bonsaksen trur det går mot ein god sesong.

Bonseye har ekspandert kvart år sidan starten 2018, og båtparken blir større og større. Nyleg var det dåp av to rib-båtar som fekk namna Grøn arv og Grøn framtid som begge blir i drift på fjordane frå mai.

Dagleg leiar Bente Bonsaksen fortel at selskapet har fire rib-båtar og ein passasjerkapasitet på 48. Ho trur det går mot ein god sesong der kundane blir cruiseturistar eller andre fast ferierande eller på gjennomreise.
Selskapet har i år kontakter til halvparten av alle cruisebåtane som kjem til indre fjordstrøk og ho håper det blir mange oppdrag i samband med desse. Det er eit resultat som vi har jobba med dei siste 4 – 5 år, seier ho.

Bente Bonsaksen, dagleg leiar i Bonseye AS.

Fleire tilsette

-Det var mykje å gjere i fjor der familien stod for båtdrifta åleine, i tillegg til gardsdrift på Ljøen. Vi dreiv vel litt rovdrift på oss sjølve då, men i år har vi fått tilsett fleire i selskapet.
Sjølv om det er mykje å gjere og hektisk enkelte dagar likar eg dette livet, Vi formidlar ei historie slik vi også gjer når vi driv garden vår på Ljøen.
Gjennom Bonseye møter vi hyggelege folk og rib-turane går unna i både 40 knop, men også saktare når vi på norsk og engelsk fortel om livet på dei mange fjord -og fjellgardane, historier som dei reisande knappast trur er sanne. Her var eit liv som lever vidare, ei historie som imponerer og som ligg nære hjartet mitt, seier Bente Bonsaksen.

Har tru på batteridrift

Opplevingsselskapet Bonseye har tinga to nye rib-båtar til sesongen med levering i mai / juni. Selskapet ønskjer å satse på Grønt reiseliv og har ein av rib-båtane som går på elektrisk, sa Frank Ole Bonsaksen i Bonseye.
Men då ladde-kapasieten er for dårleg både på Hellesylt og spesielt i Geiranger blir det få turoppdrag med denne rib-båten.
Han har likevel tru på batteridrift i framtida, for også kapasiteten på batteripakkar har dobla seg på få år, sa han. Men inn til vidare blir det fossilt brensel sjølv om prisane er høge.

Rib-båtsesongen varer ut september og litt til.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380