Lokalnytt

Høgtidsam kofirmasjonsgudsteneste

Trappa opp til koren i Sunnylven kyrkje var «preikestolen» til prestevikar Ann Kristin Langeland under konfirmantgudstenesta laurdag.

-Lat ikkje hjarta Dykkar uroast. Det var bodskapen prestevikar Ann Kristin Langeland gav åtte flotte konfirmantane, fem jenter og tre gutar i Sunnylven kyrkje laurdag i ei høgtidsam konfirmantgudsteneste med mykje flott song og musikk.

Det veksla mellom sol, regn og snø i lufta på konfirmasjonsdagen i Sunnylven laurdag 7. mai. Her skulle fem jenter og tre gutar konfirmerast av prestevikar Ann Kristin Langeland.
I kyrkja vart det ei ny flott høgtidsstund som opna med salmen «Herre Gud ditt dyre namn og ære» til tonar frå kantor Gunnar Inge Eide ved orgelet og Trond Otto Berg på trompet.

Kristin Storstein sang og Gunnar Inge Eide spela piano.

Og det vart meir song og musikk i den vel timelange gudstenesta.
Kristin Storstein song fleire vakre songar med Gunnar Inge Eide på piano, og det var salmesong med orgel og trompet som tonefølgje.
Gudstenesta hadde skriftlesing ved Eirin Syversen, og trusopplærar Martin Kristoffersen som hadde teke del i konfirmantførebuinga helsa dei åtte konfirmantane.

-Lat ikkje hjarta Dykkar uroast.  Slik opna prestevikar Langeland preika si til konfirmantane der ho tok plass i trappa opp til koren inne i kyrkja. Ein venleg, laus og ledig prat til konfirmantane frå ein sjeldan «preikestol», men der orda hadde eit visst alvor som bakteppe.
Ho tok fram hendigar vi alle kjenne ute i verda i dag og tankar om kva utfordringar som ville kome.
Men det som var viktig var å halde fast på opningsorda, -Lat ikkje hjarta Dykkar uroast.
Livet ville by på utfordrande opplevingar, gode dagar og vanskelege dagar, men ho håpa at konfirmanttida hadde gjeve håp og tru og som ville føre dei til kyrkja til Herrens altar.

Langeland ønska å sjå dei tilbake på fredagskafe, på gudstenester på julaftan eller andre samlingar, at dei vart med i kyrkjelyden.

Trond Otto Berg på trompet og Gunnar Inge Eide ved orgelet vart vakkert tonefølgje til salmesongen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380