Lokalnytt

Jubla etter siger mot Sæbø

Sunnylven G-10.

(Foto: hellesylt.info)

Sunnylven sitt G10-lag gjekk på eit klart tap mot Hareid i april. I mai kunne laget som består av både jentar og gutar juble for årets fyrste siger.

Sunnylven G10 møtte Sæbø på bortebane 4. mai. Etter god og heilhjarta innsats av heile laget kunne dei juble for målrik kamp og årets fyrste siger.

På laget er med framme frå venstre på bildet: Terese, Elias, Tuva Marie.
Bak frå v: Fredrik, Sofia Kristina, Kai Adam, Jakob, Erle, Siril, og «hjelpetrenar» Vilde

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380