Kari-Anne Tryggestad Ryste beste dame i Konradløpet

Kari-Anne Tryggestad Ryste fekk beste tid i dameklassa i Konradløpet i Velledalen søndag morgen med 18.30. Best mellom menn var Anders Mosby Nakken som kom i mål på 15.42.
Det var kjempestor deltaking i Konradløpet i Velledalen i år. Løpet er eit minneløp for Konrad Brunstad som starta joggetrening i høg alder og tok sine turar tidleg om morgonen, gjerne i 5-tida. Difor har også Konradløpet ei litt uvanleg starttid, klokka 05.00.
Rundt 220 unge og eldre stilte til start i årets Konradløp på 4.5 km. for senior og ein del kortare for born. Ut frå resultatlista les vi deltaking av fleire kjente personar, både frå yrkeslivet og av «birkebeinarar».
Sjå resultatlista her:
https://idrettslaget.velledalen.net/www/index.php?id=5788