Kjente lokale musikarar imponerte

Vi kan for lite, men vi likar musikk framført av gode musikarar. Ei slik musikalsk oppleving fekk vi oss servert i Sunnylven kyrkje søndag.
Det var romantikkens tonar som vart framført i Sunnylven kyrkje søndag 1. mai. I den timelange konserten med kjente lokale musikarar, Carolin Eide piano, Stephanie Roux piano, Evgenii Zhukov fløyte, Øyvind S. Robak fiolin og Gunnar Inge Eide på orgel drøymde vi oss tilbake til festsamlingar på 1800-talet.
Lyttande til musikken der vi let oss imponere over musikarane sine prestasjonar, såg vi for oss ballsalen med festkledde personar i venskapelege og romantiske situasjonar, ei vårløysing av vakker musikk slik det stod i førehandsomtalen. Ei treffande og målerisk beskriving av det vi fekk høyre frå eit variert repertoar.
Timen med musikk frå siste halvdel av 1800-talet var eit tilbod som langt fleire burde møtt fram for å oppleve i kyrkja. Konserten hadde musikk av komponistane Rheinberger, Brahms, Borne og Bizet og vart formidla av svært dyktige lokale musikarar med både innleving og kjensle.
Dei fem kjem snart til nye bygdelag, både Sykkylven og Norddal med «romantikkens konsert», fekk vi oss fortalt.