Konsert i Sunnylven kyrkje søndag 1. mai
Søndag er det konsert i det romantiske hjørne i Sunnylven kyrkje, ei stemning som byr på utruleg mykje vakker musikk, framført av kjente lokale musikarar.
Pressemelding
Der blir det masse deilig musikk i Sunnylven kyrkje komande søndag frå eit repertoar av komponistar som Rheinberger, Brahms, Bizet, Borne, dei vidunderlege melodiane, dei vakre klangane og dei store kjenslene – ei vårløysing av vakker musikk.
-Vi inviterer folk til å bli kjende med nokre av komponistane til denne vidunderlege musikken! Her blir det glitrande virtuosietet, der tonane kjem som sildrande som ein våryr fjellbekk, det blir dei sartaste tonar og det blir dei store, breie klangane lik fjella som speglar seg i blikkstille fjord.
Og utøvarane er kjende for folk i Sunnylven: Det er Evgenii Zhukov (fløyte), Øyvind S. Robak (fiolin), Stephanie Roux (piano), Carolin Eide (piano) og Gunnar Inge Eide (orgel) som inviterer til konsert i den vakre Sunnylvskyrkja søndag 1.mai kl. 17.00.
Sist gong desse musikarane hadde konsert i Sunnylven kyrkje var det barokkmusikk, og no er det musikk frå siste halvdel av 1800-talet, det som vert kalla den romantiske perioden i musikk- og kunsthistoria.
Musikken er prega av vidunderlege, lange melodiar, av vakre klangar og akkordar og av inderlege, store kjensler.
Slik våren hentar fram dei store kjenslene i oss, gjer også denne musikken det. Hjarteleg velkomne til konsert!
Entré kr 200 (born gratis)