Ønskjer innspel i namnesaker
Stranda kommune ønskjer innspel i to namnesaker på namn og skrivemåte på fjell og stader.
Den eine saka gjeld skrivemåten (rett namn) på grensefjell i Sunnylven sitt område, og ei sæter i Geiranger.
Statens Kartverk ønskjer også endeleg stadfesting av skrivemåte på eit grensefjell mot Stryn i Vatnedalen (Frøysadalen), i Sunnylven kalla Ramusfjellet.
Sjå lenke under og send inn kommentar til Stranda kommune innan 3. juni.
Sakene er lagt på høyring på kommunen si heimeside:
https://www.stranda.kommune.no/nyheiter-pa-framsida-aktuelt/hoyring-i-namnesaker.12090.aspx