Pyntar Hellesylt sentrum med blomar.
Hellesylt Næringslag og Sunnylven pensjonistlag har kjøpt inn blomster til oppstasing av Hellesylt sentrum. Dugnadsgjengen i pensjonistlaget stod for plantinga nyleg.
Hellesylt blir blomsterpryda også denne sommaren. Det syter Hellesylt Næringslag og Sunnylven pensjonistlag for som i lag har spleisa på innkjøp av blomar og planting i 13 store blomsterpotter som blir å sjå over alt i sentrum.
Då Stranda kommune ønska å spare seg utgifter til planting av sommarblomster i kommune -og bygdesentra bestemte lag i Sunnylven seg for å kjøpe plantar og gjere jobben med å få blomster i jorda sjølve.
Og laurdag etter 17. mai stilte medlemer i Sunnylven pensjonistlag på og planta ut tretten blomsterpotter etter at dei var blitt spadde opp og gjødsla dagen før, fortel leiar i pensjonistlaget Astrid Langeland. Blomane vart henta frå Urke gartneri same dag av leiar i næringslaget Stig Tryggestad, og skal vere av det vakre slaget, men også hardføre som taklar både litt tørke, regn og kjøleg ver.
Gjennom sommaren må det likevel vere eit visst stell og tilsyn med dei store blomsterkrukkene.
-Også det har vi sett opp ein plan for, seier Astrid Langeland.