Lokalnytt

Reiselivsbedrifta Bonseye tildelt Miljøfyrtårn-bevis.

Bente og Frank Ole Bonsaksen viser fram Miljøfyrtårn-beviset. Her på cruisekaia på Hellesylt med Sunnylvsfjorden i bakgrunnen.

Reiselivsbedrifta Bonseye AS vart på siste kommunestyremøte i Stranda overrekt bevis som Miljøfyrtårn. Sertifiseringa vart overrekt av ordførar Jan Ove Tryggestad og næringssjef Inge Bjørdal.

Dagleg leiar Bente Bonsaksen tok mot beviset på vegne av Bonseye AS, eit bevis som stadfestar at alle miljøkrav var oppfylt. Miljøfyrtårn-sertifikatet skulle i utgangspunktet tildelast under ribbåt-dåp i Geiranger i april, men like fullt stor stas å få det nokre veker seinare, seier Bente Bonsaksen.

Bedrifta Bonseye starta opp av folket på garden Øvre Ljøen i 2016 med ribbåt og opplevingsturar på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.
I åra som har gått har selskapet utvida med fleire rib-båtar, og bedrifta er mellom banebrytande og satsar elektrisk. Nyleg vart den fyrste elektriske ribbåten til selskapet døypt og fekk namnet Grøn Arv, og når tilhøva for ladding blir bygd ut ved sjøområda kjem fleire, er sagt.

Jobbar for sikkerheit

-I Bonseye legg vi opp til å drive etter HMS-reglar, helse, miljø og sikkerheit. Det gjeld både tryggheit for dei tilsette i selskapet og bevaring av natur.
Det er viktig med godt miljø både innad i bedrifta og det ytre ikring. Der er vi i ei særstilling då vi driv elektrifisering av båtane våre, og HMS-reglane skal følgjast både for sikkerheita for våre tilsette og miljøet, seier Bente Bonsaksen.

Samlar opp avfall

Ho fortel at dei har sin eigen miljøstasjon på garden heime på Ljøen der dei kjeldesorterar alt, frå olje, metall, lysrør og andre el-artiklar og meir. Det blir ikkje så mykje avfall gjennom året, men dei har kontroll og sorterer miljøbevisst. Ingen ting blir kasta i naturen, det som er nyttbart går til gjenvinning, anna blir levert til renoveringsselskap.
Bonseye er medlemer i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Dette selskapet ønskjer at medlemsbedriftene er miljøsertifisert, noko som har stor betydning når «reine tilbod» skal selgast ute i verda, for også der er folk like opptekne av miljøet og klimaendringar som vi er her i Norge, seier ho.

Årleg dokumentasjon

For å følge opp krava har det gått med mange timar på HMS-tiltak. Det har blitt ein del skjema å fylle ut då alt skal dokumenterast og som skal sendast  inn ein gong for året. Om tre år er det resertifisering igjen, fortel dagleg leiar i reiselivsbedrifta Bonseye, Bente Bonsaksen.

Ordførar imponert

Satsinga til eigarane bak selskapet Bonseye AS tok ordførar Tryggestad fram under overrekkinga av Miljøfyrtårn-beviset. Han hadde følgd med selskapet og var imponert over viljen til satsing som eigarane hadde lagt ned, no også gjennom å satse på utsleppsfrie båtar.
Men ordføraren var kjent med at både Hellesylt og spesielt Geiranger hadde knapt med straum for ladding, noko han ikkje såg rask betring på.
Tryggestad lova å jobbe aktivt for å kome fram til ei løysing då Verdsarvfjorden skal vere utsleppsfri for fossilt brensel frå 2026.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380