Lokalnytt

Semje om historisk jordbruksavtale

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) er glad for avtalen som Staten og bøndene vart samde om. I august i fjor var ho på fjøsbesøk på Helset i Sunnylven hos Jørgen Helset.

Bondeorganisasjonane og Staten har blitt samde i årets jordbruksforhandlingar. Avtalen har ei ramme på 10.9 milliardar kroner der mykje går til dekning av dei auka kostnadane jordbruket har fått det siste året.

Det er eit historisk jordbruksoppgjør Staten og bøndene er samde om i år. Beløpet er det høgaste sidan midt på 70-talet, men då var det også fleire bønder å dele på, seier Jenny Klinge, medlem av næringskomiteen.

I 2022 skal 7.3 milliardar gje full kompensasjon for auka kostnader til gjødsel, kraftfor, drivstoff og straum, og i tillegg ein inntekstvekst på 28.400.- kroner pr. årsverk.
I 2023 aukar inntektene med 64.000.- kroner pr. årsverk, av dette er 40.000.- tetting av inntektsgapet til andre yrkesgrupper i samfunnet.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) er ein av tre representantar frå Senterpartiet i næringskomiteen og har vore med på å førebu fram til jordbruksforhandlingane. Ho er letta og glad for at det kom til semje fort og håpar det går bra også når avtalen skal stemmast over i Stortinget.

Kompensasjon for auka utgifter

Jenny Klinge seier at det var eit mål for dagens regjering at ein kom fram til ein god avtale denne gongen med både inntekstsauke og kompensasjon for fleire innsatsfaktorar som har blitt fordyra og som jordbruket er avhengig av.
-Eit godt inntektsløft trengte bøndene virkeleg, og håpet er at dei som har vore bekymra og vurdert å slutte vil halde fram. Usikre forhold i verda som krigen i Ukraina viser at vi må verne om jordbruket og eigen matproduksjon.
Difor er eg glad for at forhandlingar førte til semje og avtale mellom Staten og bøndene, og eit inntektsløft også for neste år, seier Jenny Klinge.

Ein del av beløpa i avtalen skal takast ut gjennom målprisar, det vil seie betaling for mjølk, kjøtt, korn og grønsaker som bøndene leverer. Det er rekna ut at auken i matprisane i butikk vil utgjere mellom 6-700 kroner pr. person i året.
I avtalen blir også velferdsordningar, tilskot til avløysarhjelp og ved sjukdom styrka.

Jordbruk i heile landet

Jenny Klinge seier at sjølv om ho er letta og glad over eit historisk resultat er det viktig å forhandle fram gode avtalar også for seinare år.
-Vi må sikre eit levande jordbruk i heile landet og produsere mest mogleg av maten vår sjølve.
Denne regjeringa forstår at det ikkje er gjort med eitt godt oppgjør, for no gjeld det om å skape optimisme og lønsemd slik at ferrast mogleg av bøndene melder dyra sine inn til slakt.

Les meir frå avtalen: Jordbruksavtalen 2022 – kort fortalt – Norges Bondelag (bondelaget.no)

Jordbruksavtalen stimulerer fleire produksjonar, også korn og grønnsaker.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380