Sommarjobb i ferjekøa på Hellesylt
Ønskjer du deg sommarjobb på Hellesylt? The Fjords har to ledige jobbar som kaivakter frå no og til midten av august.
Det er venta god trafikk med cruiseferjene mellom Hellesylt og Geiranger i sommar. På Hellesylt har The Fjords ledig to jobbar som kaivakter der jobben mellom anna er å passe på at dei som har tinga plass på ferja kjem med før andre.
Rune Midtkandal i The Fjords trur at dette må vere ein draumejobb der ein også får praktisert språkkunnskapar.
-Vi ønskjer å ha eit par kaivakter for å passe på køa og avlaste ferjemannskapet. Av erfaring veit vi at enkelte som ikkje har tinga plass «lurer» seg fram og det skaper naturleg nok litt missnøye.
Vi håper å få på plass to kaivakter på Hellesylt. Jobben er ledig frå no (28. mai) og til midten av august, seier Midtkandal.
Interesserte kan maile til rune@thefjords.no eller ringe mob. 977 15 090.