Lokalnytt

Sunnylven G13 med flott kamp mot Bergsøy 2

Trenar Eivind Louis Helset med pauseprat til laget i kveldssola på Havilla stadion i Fosnavåg. (Foto: hellesylt.info)

Sunnylven sitt G13-lag spela flott fotball og vann 6 – 3 på bortebane mot Bergsøy 2. Dei leia også ved pause 3-2.

Som resultatet viser vart det ein målrik kamp då Sunnylven gjesta Havilla stadion i Fosnavåg og Bergsøy torsdag. Gjestelaget i rødt og blått dominerte til tider og hadde fleire store sjansar til å skåre, men ei god målvakt hos heimelaget hente ballen ut av nettmaskene berre tre gonger, ein gong meir enn Tonje Støverstein i Sunnylven sitt mål.

I andre omgang kom tre nye skåringar til Sunnylven og eitt mål til Bergsøy 2. Dermed vart det siger for Sunnylven i sesongens fjerde kamp med 6 – 3.
Laget har starta årets sesong godt. Nyleg vart det storsiger over Hødd 2 med 13 – 4, og med resultatet mot Bergsøy 2 har laget vunne tre av kampane så langt.

Sunnylven 7-er G 13 stilte til kampen torsdag med berre åtte spelarar, tre av dei var jentespelarar. Trenar for laget er Eivind Louis Helset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380