Sunnylven sokneråd med årsmelding 2021
Frammøtet til gudstenester i Sunnylven har vore prega av korona-pandemien dei to siste åra. No ventar ein jobb med å motivere folk tilbake til gudstenestefellesskapen, skriv Sunnylven sokneråd innleiingsvis i årsmelding for 2021.
Sunnylven sokneråd har lagt fram årsmelding for det siste året, eit fyldig samandrag av aktiviteten gjennom 2021.
I soknerådet har desse vore med:
Leiar, Stig Tryggestad,
Nestleiarar har vore Ann Kristin Langeland til 30. juni;
og frå 1. juli Gunnar Friestad.
Medlemer:
Gunnar Friestad, Astrid Ringdal, Bente Bonsaksen, Marit Hellebostad, Wenche H. Ringdal, Kristin Storstein, Anne Karin B. Ringdal.
Tenesta som prest
er blitt utført av Jakob S. Højlund, og Ann Kristin Langeland
Gunnar Inge Eide har vore organist ved dei fleste gudstenestene.
Utan om faste samlingar var ikkje kyrkja opa for innsteg sommaren 2021 grunna korona, reinhald og avstand mellom personar.
Men det vart halde 25 gudstenester, av desse ei på Sunnylven omsorgssenter og ei i friluft på Høgreiten. I snitt var 38 personar til stades på desse gudstenestene.
Ti gudstenester vart sende over internett live/direkte.
Skulegudstenesta vart avlyst og konfirmasjonen i september vart delt i to grunna antall personar samstundes i kyrkja.
Men 17. mai-gudstenesta vart halden med allsong utanfor kyrkja der dei frammøtte song saman med heile Norge i «Ja vi elsker».
-Folket kjenner seg sterkt knytt til kyrkja. Det gjev seg utslag i relativt høg oppslutning kring både dåp og konfirmasjon, og ved ulike trusopplæringstiltak, som besøk av barnehage og andre tilstellingar, heiter det i årsmeldinga.
Nedgang.
Frammøte til 25 gudstenester var totalt 930, eit snitt på 38. Dette er ein nedgang frå året før, og som skuldast korona-pandemien og restriksjonar på samla tal personar. I 2020 som også var eit år prega av korona var frammøtet 1372, eller nesten tusen personar mindre enn i 2013 då det vart talt 2340 kyrkjegåarar på 27 gudstenester.
Tilbod i kyrkja
I årsmeldinga blir det fortalt om fleire tilbod kyrkja og Sunnylven sokneråd har hatt siste året, som trusopplæring, ungsdomsarbeid, kyrkje – barnehagesamarbeid, kyrkje – skulesamarbeid, og kyrkjemusikk.
Positiv og stor takhøgd
Dei fleste i Sunnylven har eit godt og avklara forhold til kyrkja, skriv prestevikar Ann Kristin Langeland til slutt i årsmeldinga. Ho tok til som prest i Sunnylven og Stordal kyrkjelydar 1. juli 2021.
-Eg har følt seg velkomen og ønska frå fyrste dag, skriv ho. Ann Kristin håper at bygdefolket vil vere med på å gje barn og unge positive opplevingar, kunnskap og kjennskap til den kristne trua. Og ho håper på godt samarbeid både med barnehage og skule.
-Det å få gå saman med folket her i bygda, i glede og sorg, gjer meg audmjuk og imponert. Det å vere «Fjordaprest» i Sunnylven må vere ei av dei finaste og mest meiningsfulle oppgåvene Gud kan gje , skriv Ann Kristin Langeland.