Lokalnytt

Turistferja Bolsøy i rute frå måndag.

Turistferja Bolsøy er på plass og i rute igjen frå måndag 23. mai.

Frå måndag 23. mai er det turistferja Bolsøy som trafikkerer fjordcruiset mellom Hellesylt og Geiranger. Det opplyser administrerande direktør i The Fjords, John Vonli.

På Verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger har The Fjords har hatt tekniske vanskar med ferjematerielle i starten av turistsesongen 2022. Aurland, ei reserveferje har gått ruta dei siste dagane, men denne ferja har alt for liten kapasitet så bilar har stått igjen.

Vi har for gamalt utstyr, seier John Vonli som fortel at Bolsøy har hatt motorhavari, og Veøy stettar ikkje krava til tier 2, ei utsleppsnorm som vart innført frå 1. januar i år.

Men frå måndag 23. mai vil kapasiteten auke, for då kjem turistferja Bolsøy i rute igjen etter reparasjon. Veøy, den andre cruiseferja ligg ved kai på Stranda for utbetring, men skal i rute igjen så snart utsleppa er innafor krava, opplyser Vonli.
Både Bolsøy og Veøy er gamle ferjer som vart bygde tidleg på 70-talet. Men direktøren i The Fjords er samd i at det er flotte båtar, og skal byggast om til dagens krav.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380