«Vårens vakreste eventyr» i Oslo

Laurdag 14. mai vart Holmenkollstafetten arrangert i Oslo. Fleire tusen løparar fullførte sine etapper i «vårens vakreste eventyr», mellom dei sunnylvingen Hans Kristian Stadheim.
Det vart eit vennelag, bedriftslaget Dunder Miffilin og 13. etappe for Hans Kristian Stadheim i år. Tidlegare har han løpt den 1100 meter lange etappa for Lyn ski med veksling i enden av Camilla Collets gate. Fort gjekk det også i år sjølv om han fortel at treningane har blitt ferre enn tidlegare. Etappetida vart 3.07, ei sterk tid og berre to sekund bak Petter Tegle Skjævø på same etappa i Menn bedrift .
At det er mange gode lag også i bedriftsklassene i Holmenkollstafetten er det liten tvil om. Dunder Miffilin kom i mål til 5. beste lag i herreklassa på den gode sluttida 55.53.
Eliteklasser
I Menn elite gjekk sigeren til Gular etter at Marius Roth på Ullensaker/Kisa IL sitt lag snubla på siste etappe inne på Bislett stadion. Vinnarlaget brukte 49.17, sju sekund før Ull/Kisa, og med Tjalve på tredje plass 51.19.
Sportsklubben Vidar med Therese Johaug på laget på 7. etappe (Besserud) vann i damer elite på 58.46, med Tjalve på andre (59.11) og Gular (1.01.34).