Lokalnytt

Cruisebåten IONA kansellerer Hellesylt 22. juni.

Cruisebåten IONA kjem ikkje til Hellesylt onsdag 22.juni.

Cruisebåten IONA kjem ikkje til Hellesylt cruisekai i veke 25. Besøket onsdag 22. juni er kansellert grunna dårleg vermelding (sterk vind). Det melder Stranda Hamnevesen KF.

IONA har besøkt Hellesylt fleire gonger denne sesongen og tusenvis av passasjerar har gått i land for å sjå på og fotografere severdigheiter, besøkt kaféar, butikkar, utflukter, eller berre gått ein trimtur i området.

Etter cruiselista skulle båten klappe til kai for dagsbesøk igjen onsdag 22. juni, men det blir ikkje noko av. I melding frå Stranda Hamnevesen KF står å lese at anløpet er avlyst grunna dårleg ver med sterk vind.

Neste besøk av cruisegiganten med ei lengde av 345 meter skal vere onsdag 29. juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380