Direktesending frå jonsok på Hellesylt
NRK Møre og Romsdal sende direkte frå jonsokfeiring på badestranda på Hellesylt torsdag. Det var journalist Øyvind Berge Sæbjørnsen som hadde teke turen med mikrofon og kamera.
På badestranda vart det samla mykje folk på jonsokaftan der både unge og eldre kosa seg i behageleg sommartemperatur. Storleiken på jonsokbålet var av det beskjedne slaget i år, men kvelden gjekk med grilling, diverse leikar og godt prat.
Journalist Sæbjørnsen gjorde intervju med to tre personar på jonsokfeiringa som gjekk ut som direktesending. Dei svara godt på alle spørsmål og fortalde om tradisjonen med samling jonsokaftan på badestranda som Hellesylt Vel står bak.
Under sendinga var nokre av dei aller yngste ute og vassa litt i Sunnylvsfjorden, noko ein også kunne sjå på NRK si distriktssending. Også cruisebåten Mein Schiff 1 kom ruvande på tur til Hellesylt for å ta om bord cruisepassasjerar, så på badestranda på Hellesylt var inntrykka mange.
Sendinga kan framleis sjåast på nrk-nett.