Lokalnytt

Ei reise til konsert i mektig naturkatedral

Frå Friaren og smeltevatn frå Skagedalen kan ein få svalande dusj om ein kjem nærme fossen.

Ein rib-tur etter Verdsarvfjorden blir ei mektig oppleving i desse dagar. Og med rib-båt kjem du ekstra nær naturopplevingar som kan skildrast med eitt ord, fantastisk.

Ønskar du deg ein dusj i kjøleg vatn frå Skagedalen må du ta turen med rib-båt etter Geirangerfjorden. Elva som stuper ut frå fjellkløfta mot Skagedalen har fått namnet Friaren då den ligg rett overfor Dei sju systre. Til vanleg viser svaberget seg midt i fossen avteikna som ei flaske og historia vil ha det til at «friaren» fekk nei frå «systrene» på andre sida av fjorden. Han starta med det å dramme seg frå flaska.

Ole Hjalmar Bonsaksen frå opplevingsselskapet Bonseye har mange turar dagleg i den mektige fjordnaturen.

Vårkåte fossefall

I desse dagar er nermast «flaska» borte, fossen er meir enn mektig av smeltevatn frå Skagedalen, og kjem ein litt nærme er du garantert ein svalande dusj. Vi var der laurdag kveld i rib-båt til opplevingsselskapet Bonseye og turen vart ei kveldsmesse i ein mektig naturkatedral.

Like energirike og fossande kvite finn vi både Brudesløret og ikkje minst Dei sju systre, fossefallet som også har blitt kalla elvane har vi fått oss fortalt.
Det er berre å sjå og oppleve landskapet i Verdsarvfjorden, eit bilde større enn nokon kunstnar kan lage det. Og framleis vil naturen vise seg fram i fleire veker enno, der er mykje snø i fjella høgast oppe som skal bli til vårkåte elvar og bekkar og ende i den blågrøne Geirangerfjorden.

Også Dei sju systre dansar ned etter fjellet i desse dagar.

Konsert på hotelltak

Laurdagsreisa frå Hellesylt til Geiranger gjekk med rib-båt, knappe 20 minutt kvar veg. Vi kom til konsert på taket til Havila Geiranger Hotel med Hilde Louise Asbjørnsen og Orchestra. Arrangøren hadde nok ønska seg fleire frammøtte, men vermelding med fåre for regn var kanskje ei årsak. Veret  var meir enn bra nok det på konserttaket ein mild sommarkveld.
God var også den musikalske opplevinga med ei strålande Hilde Louise Asbjørnsen som song eigne songar frå sine mange Cd-ar og som media ser miksen av mellom Marilyn Monroe og Billie Holiday. Det vart mykje applaus både for Hilde og sju fantastiske musikarar, Dei måtte til med ekstranummer etter den halvannan times lange konserten.

Konsertarenaen var taket på Havila Geiranger Hotel laurdag kveld for Hilde Louise Asbjørnsen og Orchestra. Frå venstre Atle Nymo, Kåre Nymark, Anders Rotevatn og Svein Erik Matisen Aanestad.
Ikkje med på bilde, Anders Aarum piano, Jens Fossum bass, Kennet Ekornes trommer.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380