Lokalnytt

Elevar frå kulturskulen imponerte

Talentkonsert hadde Stranda kulturskule sett som overskrift på invitasjonen til ein liten time musikalsk oppleving i Sunnylven kyrkje torsdag kveld. Ein imponerande konsert.

I alt seks elevar i Stranda kulturskule viste store ferdigheiter på sine instrument under talentkonserten i Sunnylven kyrkje torsdag kveld. På repertoaret stod vakre melodiar av kjente komponistar som vart framført på imponerande måte.
Musikken vart formidla på fleire ulike instrument, tenor sax, walthorn, piano, trompet og fiolin.

Det blir jobba godt i Stranda kulturskule, det var konserten eit høyrbart bevis på. Aktørane var unge elevar tidleg i ten-åra, og som vi trur vil glede mange i åra som kjem og sjølve ha glede av musikken.

Lærar Evgenii Zhukov leia det heile og presenterte aktørane. Han hadde også med seg kollegaer, Synnøve Hjellbakk Hole og Gunnar Inge Eide som begge tok del under enkelte av musikkverka.
Også kulturskulerektor Trond Otto Berg var til stades i kyrkja. Til liks med alle andre i kyrkjebenkane var han imponert over elevane.
-Dei er alle store musikalske talet som vil nå langt om dei held fram og øver. Vi i kulturskulen prøver å hjelpe dei og når vi høyrer resultat som dette så er det berre kjekt, sa Berg.

At Sunnylven kyrkje kan brukast også til konsertar, til «musikalske messer» som dette er stort og flott. Kom gjerne med fleire slike stunder, var kommentar vi fanga opp hos publikum.

Ny talentkonsert er i Storfjord kulturhus i kveld fredag 3. juni.

Desse deltok:

Ingeborg Fivelstad Stadheim, piano: Yirima; «River Flows in you»

Tiril M. Kjølås, trompet -Ole Edvart Antonsen; «Vidda»

Jørgen Støverstein, piano – J.F. Burgmuller; Ballade

Tonje Støverstein, fiolin – «Folketone frå Sunnmøre» og «En sommernatt»

Ksawier Kowalski, piano – F. Chopin – «Preludie E moll»

Tora Overvoll, walthorn – E.F. Bræin «Ut mot havet» og F. Strauss «Notturno»

Ksawier Kowalski, piano, Jørgen Støverstein, tenor sax – Rolf Løvland «You raise me up»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380