Har teke i bruk eige møterom
Eit rom i Sunnylven kyrkjelydshus har vore brukt til kontor, datarom, lager og klasserom. No er det møterommet til Sunnylven Pensjonistlag.
Det er ikkje på mange kvadratmeter rommet som pensjonistlaget har leigd seg inn i, men stort nok til å halde styremøter og andre drøftingar, var dei seks styremedlemene samde om. Sist veke var dei samla og avheldt det siste styremøte før sommarferien.
Styrerommet er enkelt møblert med bord, ein sofa og fleire stolar og har skap for oppbevaring av laget sine bøker og ringpermar. Etter kvart skal det også kome bilete på veggane, mellom anna store flotte måleri av kjente norske kunstnarar, fekk vi oss fortalt.
Rommet i kyrkjelydshuset på Hellesylt har tidlegare vore nytta til fleire formål, i fjor som klasserom under renoveringa av Sunnylven skule.
No har det blitt lagsrom for Sunnylven Pensjonistlag