Lokalnytt

Har teke i bruk Trivselshage

På jonsokaftan var mange samla og fekk seg servert rjomegraut i Trivselshagen på Hellesylt.

Planane om ein sansehage ved Sunnylven omsorgssenter stoppa heilt opp grunna vanskeleg kommunal økonomi. Då gjekk tre lag i Sunnylven saman og sende søknader til fleire. Til jul 2021 var Trivselshagen med paviljong ein realitet.

Saman med Sunnylven sanitetslag og pårørandegruppa ved Sunnylven omsorgssenter tok Sunnylven Pensjonistlag tak i saka om å få stelt til plenen ved omsorgssenteret. Der skulle det vere både grøn plen, asfalterte stiar, beplantingar og ein paviljong midt på.
Slik meinte landskapsarkitekten som laga engasjerte at området skulle bli. Og slik har det blitt, fortel leiar i pensjonistlaget Astrid Langeland.

Stor kostnad

Ho fortel at eit tilbod frå entreprenør viste seg at det heile ville koste rundt 700.000.- kroner å få realisert. Det var mykje pengar så vi var i tvil om vi ville makte å få det til, men i lag med dei to andre laga bestemte vi oss for å prøve, og vi sende søknader om økonomisk støtte til fleire.

Leiar i Sunnylven Pensjonistlag, Astrid Langeland.

Fekk rause tilskot

Vi vart kjent med at vi kunne søke Dam-stiftinga om tilskot, og vi sende søknader til Sparebanken Møre og fleire lokale firma, Norsk Sjømat, Ole Ringdal AS, og HT Bygg Hellesylt AS.

Frå alle fekk vi berre positive svar, men det er klart at 300.000.- frå Dam-stiftinga og 200.000.- frå Sparebanken Møre var beløp som utløyste glede og jubel. Vi såg moglegheita av at vi kunne få til ein Trivselshage som planlagt, seier Astrid Langeland.

1. juni 2021 var gravemaskina på plass for å starte arbeidet ved Sunnylven omsorgssenter

Fyrste grabben i jorda

I 2021 slo entreprenøren grabben på gravemaskina i bakken, vi var i gong med å få realisert Trivselshagen, som vi hadde skifta namnet til. Den dagen gjekk flagget til topps, endeleg skulle det lenge omsnakka prosjektet bli ein realitet.

Arbeidet gjekk godt framover, entreprenøren grov der terrenget måtte endrast, men køyrde også til jord til områda med plen. Fundament for paviljongen vart støypt og stiar for rullestolbruk vart asfaltert. Det var gjort diverse planting rundt om i Trivselshagen, mellom anna ein hekk mot den kommunale parkeringa for badestranda / småbåthamna.
Det spirte og vaks rundt om slik planlagt, og i desember stod paviljongen reist med tak og veggar.
Entreprenøren gjorde godt arbeid, men det er klart at det vart lagt ned fleire timar med dugnadsarbeid. Astrid Langeland takkar alle som har bidrege med middlar eller arbeid, og ikkje minst med smil og glede.

Rjomegrauten var god og gjekk unna på arrangementet i Trivselshagen .

Rjomegraut på jonsokaftan

Til jul 2021 vart Trivselshagen og paviljongen teke i bruk for fyrste gong. Sunnylven skulekorps hadde hatt Nissespeling i sentrum av Hellesylt, og tok deretter turen til Trivselshagen og spela julesongar. Ei flott opnigsstund der mange av pensjonærane såg og lytta frå sine verandaer.

Trivselshagen har blitt brukt ved fleire høve etter opning jula 2021, no sist var det «grautfest» på jonsokaftan. Sunnylven pensjonistlag hadde koka 30 liter rjomegraut som vart servert med «pynt» og spekemat frå Ole Ringdal AS til 68 personar både inne, men også mange ute i Trivselshagen i sommarsola.

Nokre av pensjonærane fekk servert rjomegrauten inne.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380