Heidra industrihistorie med kulturkveld.

Banksjef Kjell Martin Ringset hadde både gåve og blomar til Reidar Lunde t.v. og Helge Søvik.

Kulturkvelden i etterkant av opninga av Strandaindustrien si historie vart triveleg for dei frammøtte som nesten fylte salen i Storfjord kulturhus. Intervju, song og musikk og eit lystig kåseri av Kjell Løset sette salen i god stemning.

Sigurd Drege var programvert for ein kulturkveld det skulle vore fleire av.
Tremaet denne kvelden var Strandaindustrien si historie, og då fall det seg naturleg at Drege opna programmet med å intervjue dei to som kom med ideen og har stått på for å få realisert utstillinga i Ekornes-lokala, nemleg Reidar Lunde og Helge Søvik.
Her fortalde dei to om kva som starta det heile, og dei takka mange hjelparar og bidragsytarar for støtta.

Sparebanken viktig

Dei to fekk seg tildelt blomster, også frå Sparebanken Møre og banksjef Kjell Martin Ringseth som i tillegg hadde med det han sa var norges beste sider frå Skarbø Gard.
Ringseth trudde at industrieventyret som vaks fram på Stranda var eit resultat av at der kom ein sparebank tidleg. I 1849 vart kornlageret på Stranda selt for 417.- kroner som var startkapitalen for den lokale sparebanken.

Kjartan Lied song opera med Carolin Eide ved pianoet.

Vakkert både på svensk og engelsk av Kristin Storstein. Gunnar Inge Eide på piano.

Både korsong og opera

Kulturkvelden opna med nokre vers av strandasongen til tekst av Ole Edvart Emdal og framført av allsongkoret som også kom på scena med ny song litt lenger ut i programmet. Carolin Eide sytte for tonefylgje på piano.

Fleire songinnslag vart det, fyrst ved operasongaren frå Liabygda Kjartan Lied. Han hadde både italiensk og Chess på programmet og imponerte nok ein gong med si klare og kraftfulle røyst.
Kristin Storstein frå Sunnylven med Gunnar Inge Eide på piano framførte to songar denne kvelden. Spesielt ein med svensk tekst fall i smak, også hos blomserutdelar Helge Søvik som komenterte det heile med eit ord, vakkert.

Dansekurs

Frå Stranda kommune helsa ordførar Jan Ove Tryggestad og overrekte ein gåvesjekk på 15.000.- kroner, og frå naboar i Sykkylven helsa Jan Lade og gratulerte med utstillinga.

Kveldens kåsør var Kjell Løseth, bufast i Straumgjerde, men no hadde han våga seg over fjellet, til «Løvens hule», sa han. Ut frå det den ordrike kåsøren formidla, hadde han ikkje møtt Løvar, for han var langt frå skada. Det vart eit kåseri i morosam stil med tema tilbake i tida og fram til no. Ja til og med eit dansekurs i tja, tja, tja prøvde han å lære publikum. Om det vart mange nye dansarar i tja, tja-stil tvilar vi på.

Kveldens kåsør, Kjell Løseth var i storslag og fleipa vilt om både eitt og hint.

Mobiltrøbbel

Framfor grillsesongen var han også innom pølser ein kan få kjøpte, mellom anna Hot Dogs, men kven et hundekjøt, lurte Løseth på.
Og telefonen si utvikling frå sveiv til talskive, til mobiltelefon. Det var enklare no enn då abbonentar øvst i Sunnylvsbygda hadde 27 korte og ein lang ringelyd når det var telefon til dei, sa han, men mobilen kunne vere fårleg om ringelyden var feil. Sjølv hadde han ein plystrelyd. Ein dag gjekk han forbi ei dame og då «plystra» mobilen.
-Eg fekk meg eit kraftig slag over øyret med kommentaren; Din gris!!

Kulturkvelden vart avslutta med visning av ein film om møbelgrȕnderen P.I. Langlo

Ordførar Jan Ove Tryggestad helsa og overrekte gåvesjekk frå Stranda kommune. Han takka dei to, Helge Søvik t.v. og Reidar Lunde for framifrå innsats for å ha skapt eit kulturhistorisk eventyr. Bildet er frå opninga i utstillingslokalet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380