Lokalnytt

Kunstgalleri med Peer Gynt-relieff ope på Hellesylt.

Geiranger Bakeri driv kafe i lokala til Hægstad Gård på Hellesylt. Der kan ein også sjå Peer Gynt-relieffa som kunstnaren Oddvin Parr skar ut.

Ved Hægstad Gård / Geiranger Bakeri er kunstnaren Oddvin Parr sine flotte Peer Gynt-relieff utstilt. No kan ein sjå utstillinga dagleg kvar time, lyssett og med forteljarstemme.

Etter litt justering av lys og lyd er utstillinga i lokala til Hægstad Gård med relieff frå Peer Gynt no dagleg opa for innsyn.
Anders Adolfsson som driv kafe og kunstsenteret på Hellesylt opplyser at det er visning i galleriet kvar time dei dagar kafe/kunstsenteret er ope.
Som fleire andre verksemder slit dei også der med å skaffe betjening så inn til vidare er det ope frå tysdag til og med laurdag kvar veke.

Her står kunstnaren Oddvin Parr ved eit av dei utskorne bileta han kalla «Mor Åses død». Parr døde i 2010.

I Peer Gynt sitt rike

Billettar til kunstutstillinga kan ein kjøpe i kafeen, og tilsette slår på lys og lyd. Talen er synkronisert med lyset på relieffbilda, så då er det berre å sjå og lytte, og leve seg inn i Peer Gynt sitt rike slik diktaren Henrik Ibsen skildra det, seier Anders Adolfsen. Fleire har alt sett kunstrelieffa etter at lyd og lysanlegget vart ordna.
Også når det gjeld turisttrafikken er Adolfsson bra nøgd. Spesielt når det ligg cruisebåt ved kaia heile dagen, då har det vore godt besøk i kafeen, seier han. Og Adolfsson håper på godt besøk og livleg trafikk frametter sommaren.

I alt 11 store treskurbilete med motiv frå Peer Gynt er å sjå i kunstgalleriet

Kulturdagar i juli

I juli, torsdag 21. opnar Kulturdagane ved Geiranger Bakeri / Hægstad Gård på Hellesylt. Fyrste artist under «dagane» blir svenske Frida Braxell med band.
Frida blir ved kulturkafeen på Hellesylt heile torsdagen med songinnslag saman med bandet, men sjølve konserten blir i hagen ut på kvelden frå klokka 19.00, seier Adolfsson.
Ikkje alt er heilt klart enno, men det blir også fleire song og musikkinnslag over fleire dagar av både aktørar med lang reiseveg og frå nære område, seier han.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380