Medlemane i Fjellrosa 4H sterkast i fylket
Ni medlemer og klubbrådgjevar Silje Kristin Stadheim har vore på 4H-fylkesleir. Der vart det tøffe tak og kjekke opplevingar i tre dagar.
Møre og Romsdal 4H hadde lagt fylkesleir i år til Straumsnes i Tingvoll helga etter jonsok. Frå Fjellrosa 4H deltok ni medlemer og fekk kjekke dagar saman med mange andre frå andre klubbar i fylket.
Samlinga var full av moro med program og konkurransar, som fjellklatring og rappelering, kajakkpadling, og ikkje minst tautrekking.
Dei aller fleste gongar har Freidig 4H frå Bjørkedalen vunne tautrekkinga, men i år var dei sjanselause mot Fjellrosa 4H som sigra i konkurransen.
Eit lag kan bestå av tautrekkarar som til saman blir 120 år, men Fjellrosa var berre 108 år til saman, men sjølv om dei mangla 12 år vann dei likevel. Sjukt herleg å vinne over bjørkedølene, får vi oss fortalt.
Og ikkje nok med det. I finalen på det beste volleyballaget spela Emil Frøysa og dei vann suverent.
Ikkje rart at det var ein kjekke 4H-fylkesleir.