Lokalnytt

Middels bra start på laksefiske

I fjor landa Ole A. Ringdal denne ruggen på vel ti kilo i Fløtehølen. Også i år har han fiskedagar og håper på liknande fangst.

I Korsbrekkeelva starta laksefiske 1. juni. Så langt er det eit middels godt fiske, seier Arne Korsbrekke, elveeigar og nær nabo til lakseelva.

Arne Korsbrekke snakkar mest dagleg med laksefiskarar og har bra oversikt over resultatet av fiske. Han får seg fortalt om fangst som kjem på land, men også om dei mange store som ikkje beit godt nok på.
Så langt ligg fiskefangten på rundt 40 laksar, seier han. Den største hittil er på rundt 9.5 kilo, men snittvekta og dei fleste har vore på mellom 6 og 7 kilo. Laks blir rekna frå 3 kilo og oppover, det som er mindre er pjakk, seier Arne.

Laksefiske i Korsbrekkeelva tok til 1. juni og varer til og med 31. august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380