Lokalnytt

Opna utstilling av eventyrleg industriutvikling

Det var ordførar Jan Ove Tryggestad som fekk æra av å klippe silkesnora og opne utstilling Strandaindustrien si historie, flankert av Helge Søvik til venstre, og Reidar Lunde.

Utstillinga Strandaindustrien si historie vart opna i tidlegare produksjonslokala til Ekornes-fabrikken på Stranda onsdag 1. juni 2022. Opninga vart markert ved ordførar Jan Ove Tryggestad som klipte over silkebandet assistert av to eldsjeler for utstillinga, Reidar Lunde og Helge Søvik.

Ideen om ei utstilling av det industrien i Stranda har skapt starta for vel to år sidan då eit parti gamle møblar var overflødige og skulle plasserast vekk, fortalde Reidar Lunde.
Møblane var litt for fine til å bli kassert så han drøfta saka med Helge Søvik og då vart ideen om ei utstilling med produkt frå Stranda-industrien fødd.

Reidar Lunde er styreleiar i foreninga bak foretaket der andre styremedlemene er Anders Adolfsson, Kjell Sindre Opsvik, Helge Søvik og Sveinung Ørjasæter.

Utsett opning

For vel to år sidan fekk initiativtakarane hand om eit 600 kvadratmeter stort lokale i dei tidlegare produksjonslokala i Ekornes-bygget på Stranda. Der har det no blitt ei utstilling med eit stort og variert utval av produkt produsert i Stranda kommune der alle bygdelaga, Sunnylven, Geiranger, Liabygda og Stranda er representert.

Mange trur dette er blitt ei utstilling av berre møblar, bord, sofaer og stolar, men det utgjer berre ein tredjedel av det som er stilt ut, fortel styreleiar Lunde.

Dei hadde håpa å opne utstillinga alt i fjor, men koronapandemien gjorde det vanskeleg både med hjelp til innsamling og utstilling. No var alt på plass og kunne visast fram for fleire inviterte gjester.

Sofagruppe frå P. I. Langlo

-Kulturhistorisk eventyr

Utstillinga fekk mykje rosande omtale av dei frammøtte, mellom dei av ordførar Tryggestad.
-Utstillinga vil auke interessa og kunnskapen om lokalhistoria hos dei unge, ei utstilling som ivaretek og viser utviklinga i generasjonar framover.
Stranda var mellom dei fyrste som fekk ein stor industri og mange nye arbeidsplassar. Det starta for 150 år sidan, og kanskje var det fordi området her var av dei fyrste som fekk elektrisk kraft.
Men tider forandrar seg stadig, no er det lite møbelindustri i kommunen, men næringslivet blomstrar med matindustri, turisme, annleggsverksemd og jordbruk, seier ordførar Jan Ove Tryggestad som kallar utstillinga for eit «kulturhistorisk eventyr».

Takkar gode hjelparar og bidragsytarar

Både Reidar Lunde og Helge Søvik ønskjer å takke alle gode hjelparar og alle som har gjeve ting til utstillinga gratis.
Dei to takkar også bedrifter og andre som har bidrege  økonomisk til at Strandaindustrien si historie vart ein realitet.

Kulturkveld

Etter omvising mellom produkt frå hundre bedrifter i Stranda kommune og enno fleire som var omtala med plakatar og bilder, var det klart for kulturkveld i ein nær fullsett sal i Storfjord kulturhus. Her var det helsingar, gåveoverrekkingar, blomsterheider, og gode underhaldningsinnslag av lokale krefter, ein kulturgodbit vi kjem tilbake til.

Opningstider

Utstillinga Strandaindustrien si historie blir open for publikum. Opningstider blir kunngjort seinare, men i veke22 blir det ope desse dagane:
Torsdag 2. juni kl. 15.00 – 18.00
Fredag 3. juni kl. 15.00 – 18.00
Laurdag 4. juni kl. 12.00 – 15.00

Møblar frå Stranda Lenestolfabrikk

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380