Pensjonistlaget byd på rjomegraut jonsokaftan.

Sunnylven Pensjonistlag serverte rjomegraut også under eit jonsokarrangement på Tronstad grendahus i fjor. Her er to av servitørane frå styret, Odd Jostein Bjørdal til venstre, og Magnar Bjørdal.

Sunnylven Pensjonistlag serverer rjomegraut og meir til pensjonærane ved Sunnylven omsorgssenter på torsdag. Laget byd tradisjonsretten også til andre i trivselshagen frå klokka 13.00 på jonsokaftan.

Sunnylven Pensjonistlag har planlagt rjomegrautfest for bebuarane på Sunnylven omsorgssente på jonsokaftan. Laget kokar i store gryter så også andre som har lyst på ein tallerken rjomegraut og spekemat pynta med smelta smør, kanel, sukker og rosiner må møte fram i trivselshagen rundt klokka 13.00 på jonsokaftan. Der blir det sal i eit par timar om det er nok graut så lenge, seier leiar i pensjonistlaget Astrid Langeland.

-Vi var litt usikre på om veret vart slik at vi kunne gjennomføre arrangementet. No ser det bra ut med vermeldinga så då kokar vi rjomegraut til alle på omsorgssenteret, og til andre som ønskjer å kjøpe seg ein grauttallerken med spekemat, saft, kaffi og kjeks, alt for berre 50.- kroner, seier ho.

Langeland håper det går greitt å vere ute i trivselshagen der det vil bli plassere ut nokre rastebord, og der den flotte paviljongen kan nyttast om nødvendig.

På Wikipedia kan ein lese at rjomegraut, den norske tradisjonsretten har blitt servert ved spesielle høver opp gjennom åra, for eksempel ved bryllaup, barnedåp, som slåttegraut, til jul, eller til jonsok slik Sunnylven pensjonistlag gjer på torsdag 23. juni.
Astrid Langeland håper mange kjem og feirer sankthans med rjomegraut saman med bebuarane, eller i trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380