Pensjonistlaget la turen til Finnøy Havstuer

Som mange andre er medlemane i Sunnylven Pensjonistlag glade i naturopplevingar og god servering. Alt dette fann dei 41 frå laget som la turen til Finnøy Havstuer tidleg i juni.

Alle foto: Privat.

Sommarturen til Sunnylven Pensjonistlag gjekk til Romsdalskysten og Finnøy Havstuer. Der jobbar Lars Helge Hanssen, ein utflytta sunnylving som er kjent som ein framifrå god kokk, men også som vinnar av ølbryggekonkurranse med ølet Stølen Stabock. Han gav sine sambygdingar eit godt opphald, også i matvegen.

Triveleg

Frå sekretær i Pensjonistlaget, Håkon Hasle har vi fått litt informasjon frå turen som han fortel vart svært så triveleg:

Den to dager lange reisa starta frå Hellesylt i buss med Ingers Trans og stødige Nils Inge Frøysa bak rattet.
Dei fleste som melde seg på var frå Sunnylven, men også fleire av medlemane som ikkje har postadresse Hellesylt var med.

Kjent og ukjent på menyen

Etter eit kaffistopp på Vatneeidet kom alle vel fram og til innsjekk i god tid før dagens neste oppleving, ein middag med kjente og mindre tradisjonelle matrettar på menyen.
Som forrett vart det servert røykt, salta og marinert kvalkjøtt, litt spesielt, men godt fortel Håkon Hasle.
Hovedretten var lagt meir kjent for alle, lammekjøtt av utegangarsau med grønnsaker og potetpurret. Og desserte var sjokoladefondont med is.

Kjent for mykje

Kokk Lars Helge Hanssen fortalde om staden, og om maten han serverte sine «sambygdingar». Det gamle fiskeværet der havet bølger heilt inn under restaurantgolvet er mykje kjent for gode akevittar, men no også for at ein norgesmeister i ølbrygging held til her.
Eit opphald på Finnøy Havstuer byd både på flotte naturopplevingar, både i storm og stille og gode minner for fleire sansar, mellom anna frå matbordet.

Dag to vart eit nytt høgdepunkt med tur til øya Ona, ein halv time med ferja. Etter ein times opphald var det retur og klargjering for heimreise.

Frå 16. juni blir kjøkkensjef Lars Helge Hanssen også assisterande hotelsjef ved Finnøy Bryggehotel..

Kjekt med besøk

Kjøkkensjefen på Finnøy Havstuer, Lars Helge Hanssen tykte det var veldig kjekt å få besøk «heimanfrå». Han kjente alle og prata med fleire kring borda, fortel han.

Frå 16. juni skifter anlegget namn til Finnøy Bryggehotel, fortel Hanssen. Der blir han kjøkkensjef og assisterande hotellsjef. Og det går mot ein god sesong med stort sett fullt belegg no etter at alle korona-restriksjonar er oppheva.
Høgsesongen varer ut september, fortel Lars Helge Hanssen på telefon tidleg ein fredagsmorgen.

På tur til Ona med ferja.

Ona fyr fekk besøk av fleire frå Sunnylven Pensjonistlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380