Lokalnytt

Planer for nytt kaihus presentert

Slik har Nordplan tenkt at det nye kaihuset på Hellesylt skal sjå ut.

Nordplan Nordfjordeid har lagt fram planar for bygging av nytt klimanøytralt kaihus på Hellesylt. Planen blir ikkje realisert med det fyrste, men liggande i påvente av kva som skjer med ferjekaia, om den blir flytta eller ikkje.

Gjennom eit KLIMASATS-prosjekt har Nordplan utarbeidd planar for eit nytt, miljøvenleg bygg for båtfolk, turistar og lokal busetnad på Hellesylt og i Sunnylven.
Det er Stranda kommune som eig kaihuset, men også andre som Stranda hamnevesen, Hellesylt småbåtlag og Hellesylt Næringslag har interesser av eit funksjonelt bygg her. I dag har bygget ein heller låg utnyttingsgrad.

Henrik Tryggestad Koi er miljø -og berekraftskoordinator i Nordplan Nordfjordeid. På møtet presenterte han selskapet sine tankar om eit bygg med lite miljømessig avtrykk, og hadde gode råd om materialval og ikkje minst energibruk i drift av eit nytt kaihus. Her såg han føre seg bruk av både overskotsvarme frå hydrogenproduksjon, frå sjøvatn, berg og jord til solenergi til oppvarming.

Ukjent byggestil

Planar for bruk av eit nytt kaihus er skissert tidlegare og Nordplan har jobba ut frå desse og arealet som er til rådvelde på kaia på Hellesylt.
Det vart presentert eit bygg med ei spenstig utforming, kanskje ikkje heilt etter stilen som er på bygg i området frå før, men den hellande takflata var praktisk med tanke på oppsamling av solenergi.

Bygget var teikna med fire toalett, gang og stor sal, alt med overbygde inngangar. Mot fjorden er tenkt store glasflater som vil gje panoramautsikt til storfelt natur.
Nordplan foreslår å begrense bruken av betong og stål, men bruke bordkledning eller spilar av treverk til kledning. Kva det nye kaihuset vil koste er ikkje kjent.

Bruk av kaihuset

Turistar frå cruisebåtar som ankrar opp på Hellesylt, eller frå privatbilar, bubilar eller andre som kjem til fors til bygda vil vere brukarar av bygget.
Også reisande som kjem sjøvegen med fritidsbåtar, lokalbefolkninga og sjølvsagt næringsliv og andre tenestetilbydarar vil ha glede av eit nytt, tidsrett bygg på kaia på Hellesylt.

Blir liggande på vent

Rapporten og planen blir nok liggande på vent ei stund til vi veit kva som skjer med flytting eller ikkje av ferjekaia på Hellesylt, seier næringssjef Inge Bjørdal i ein kommentar til hellesylt.info, og legg til;
PLanen er svært godt utarbeidd, eit prosjekt som vi har søkt KLIMASATS-middlar til å få utarbeidd. Kommunen har så langt ikkje hatt utgifter til planen utanom bruk av arbeidstid for tilsette.
Området på kaia på Hellesylt er eit attraktivt område som det er viktig at kommunen har hand om og kan utnytte til beste for alle, seier Bjørdal.

.


Miljø -og berekraftskoordinator Henrik Tryggestad Koi la fram Nordplan Nordfjordeid sine planar for nytt kaihus på Hellesylt.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380