LokalnyttUkategorisert

Rastebord på plass langs turveg

Jarle Hole var med og olja rasteborda.

Heile ti rastebord vart klargjorde og er utplassering for bruk for alle som går etter den gamle bygdevegen i Berga mellom Frøysa og Hole.

Etter den gamle bygdevegen frå Rindekroken ved Frøysa og over Vardejuvet mot Hole har det dei to siste åra blitt rusta opp ein flott turveg. Skog er rydda, grøfter er renska opp, eit sikringsgjerde er på plass på det høgase punktet på vegen, og det er laga ein flott grillplass med benkar, bord og ei stor bålpannel.

Langs turvegen er det kome opp fleire skilt med namn, og nyleg vart ti rastebord henta ut frå vinterlager som Inge Bjørdal og Jarle Hole behandla med olje og impregnering. Dei er no utplassert.
Så då er et berre å ønskje god tur etter den gamle ferdselsåra.

Inge Bjørdal stadfestar at ti rastebord er klare for bruk langs den gamle bygdevegen i Berga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380