Sel lodd til Andesleppet på Hellesylt
Helga 8. til 10 juli skulle vere den store folkefesten på Hellesylt med program, lotteri og konkurransar arrangerast. Hellesyltdagane 2022 blir ikkje like innhaldsrike som tidlegare år, men det blir Hellesyltdagar verd å besøke.
Eitt av fleire innslag blir Andesleppet i Hellesyltfossen søndag 10. juli. Dei vel 2000 gule plastendene startar frå Høgebru presis klokka 16.00 opplyser arrangøren Hellesylt Ungdomslag.
Laurdag 2. juli og søndag 3. juli har laget stand i Hellesylt sentrum der det blir sal av lodd på vinnarender mellom klokka 11.00 – 17.00.
Også laurdag 9. juli og søndag 10.juli blir det høve til å kjøpe seg lodd på vinnarender i dette tidsrom, søndag noko kortare då starten går klokka 16.00.
Andeslepp for 23. gong
Andesleppet i Hellesyltfossen vart gjennomført første gong i 2005. Sidan då, også under korona-pandemien har det blitt eit årvisst innslag som avslutning på Sommardagar på Hellesylt.
Det er Hellesylt Ungdomslag som er ansvarleg arrangør av «Det store andesleppet», ein attraksjon for store og små der publikum står tett på Hellesylt bro og langs elvebredda. Alle kikar etter si and mellom eit par tusen andre, ei reise ned Hellesyltfossen som dei gule plastfuglane brukar om lag fem minutt på å tilbakelegge frå Høgebrua til oljelensa like forbi brua i sentrum. Der har betrudde menn, både sokneprest og prost og ein båtførar på å ta vinnarendene om bord i båten, i alt ti ender som blir premiert..
25.000.- i premie
Det blir utbetalt store summar til vinnarane om reglane er som tidlegare. Fyrste anda som kjem så nær oljelensa at den kan nåast er vinnar av førstepremien på kr 10.000,-, den andre anda er verdt kr 5.000,- , den tredje kr 3.000,-, og dei sju neste får kr 1.000,- kvar i premie. Til saman deler arrangøren ut premiar for kr 25.000,-
Kjøp lodd i Det store Andesleppet og bli med på spaninga. Kvart lodd/and kostar kr 50,- og det er mogleg å kjøpe både to og fleire ender for å få auke vinnarsjansen.