Sigra i Hovdebygda, tap mot Hasundgot
Ein jamn kamp i Hovdebygda enda med siger for Sunnylven tysdag. Same dag vart det tap for J13 mot Hasundgot, også den kampen på bortebane.
G10 tok sin tredje strake bortesiger for sesongen i ein svært spennende kamp mot Hovdebygda/Mork tysdag. Kampen bikka fram og tilbake og ingenting var avgjort før Siril sette ballen i mål rett før slutt og fastsette sluttresultatet til 8-6 🙂
Tap for jentelaget
J13 var også på tur tysdag. Dei spelte mot Hasundgot og tapte 5-3. Hasundgot tok tidleg leiing ved sin storscorar Julie Moldskred Veiseth. Deretter scora Ingeborg to gongar og Selma eit mål på frispark slik at laget gjekk til pause med 1-3 leiing. I andre omgang vart det litt tyngre for Sunnylven og det vart Hasundgot som stakk av med sigeren til slutt.