Siste dag bak bankskranka
-Eg kjem til å sakne kollegaene mine, dei har vore mange og hyggelege å samarbeide med. Det seier Annvor Tryggestad som hadde sin siste arbeidsdag i Sparebanken Møre tysdag 28. juni.
I 45 år har Annvor Tryggestad jobba i bank, dei fleste dagane ved avdelinga på Hellesylt rett over gata der ho bur. Tysdag 28. juni takka ho av i ein arbeidsplass mellom gode kollegaer og eit yrke ho har blitt glad i. Ho har fått hjelpe mange hyggelege kundar på ein arbeidsplass med ei stor utvikling. Gjennom alle desse åra har mykje endra seg, frå då alt vart gjort og rekna på manuelt, og der det ofte gjekk mykje tid til å leite etter ein 10-øring feil i rekneskapen, fortel ho.
-No er det digitalisert og kundane utfører mykje heime av det dei gjekk i banken for å få hjelp til før, seier Annvor Tryggestad.
Fyrste arbeidsdag i sparebanken på Hellesylt var 2. mai 1977. Annvor er frå Nordfjord, men hadde vore ein del på Røyrhus i Sunnylven og hadde blitt kjent med Rune frå Hellesylt. Jenta med utdanning frå økonomisk gymnas på Sandane leita etter jobb i heimbygda til han som vart mannen hennar, så då banken hadde ledig jobb søkte ho og vart tilsett.
Her har ho jobba saman med mange, og ho reknar opp to sjefar med etternamn, Sæten og Mork, og to med fornamn, Stig og Kjell Martin.
Dei fyrste åra var banken open også på laurdagar, fortel ho. På desse dagane var ein frå styret med i banken saman med ein tilsett, ein jobb enkelte i styret såg på som ærefullt, medan andre ikkje var like glade i å bekle jobben, minnast ho.
Og Annvor fortel at det har blitt nokre «rentemøte» med kundane opp gjennom åra. Ho føler det den gongen var mindre diskusjon kring rentesatsar som då låg på 13 – 14 prosent enn i dag med langt lavare satsar. I dag blir vel folk nermast oppfordra til å diskutere tala for å oppnå lavast mogleg lånerente, seier ho.
Annvor Tryggestad skal bli pensjonist, men ho fryktar ikkje at dagane blir lange. Vi veit at ho og mannen har ein «fristad» på sætra i Moldskreddalen så der blir dei heilt sikkert å finne like ofte som før.
No kan ho sjå tilbake på ein god arbeidsplass med ei stor teknologisk utvikling.
-Kanskje kjem eg til å sakne jobben og alle hyggelege kundane, og kollegaene eg har jobba saman med. Men kanskje stikk eg innom banken for å helse på av og til, det er berre rett over gata…