Lokalnytt

Skuleavslutning i ny storstove

Mange fekk stor jubel for gode programinnslag under skuleavslutninga, mellom dei elevane som framførte vinnarlåta til Subwoolfer i Melodi Grand Prix.

Onsdag 22. juni var det sommaravslutning ved Sunnylven skule. Frammøtet i ei nyrestaurert storstove i bygda var større enn nokon gong, til ei skuleavslutning med utdeling av vitnemål, program og enkel servering.

Rektor Roar Seljeset helsa vel møtt og leia festen i samfunnshuset som akkurat var ferdig oppussa til denne kvelden. Rektor sa at mange hadde stått på mykje for å bli ferdig til fyrste skuleavslutninga på to år, og etter ei spesiell tid også for alle ved skulen. Det hadde vore korona-epidemi og renovering av heile læringsbygget.

Godt samarbeid

No var alt i godt gjenge igjen i eit flott og tenleg bygg, sa Roar Seljeset som rosa fleire for innsatsen, men spesielt HT Bygg som hadde utført renoveringa. Samarbeidet hadde vore framifrå heile vegen så byggfimaet og deira tilsette måtte få ein god del av æra for at resultatet hadde blitt så bra.

Også alle ved skulen fekk mykje ekstra arbeid i samband med korona og renovering, sa Seljeset. Det vart fyrst flytta ut sommaren 2020, og så tilbake igjen til fyrste skuledag 4. januar 2022.
I mellomtida hadde elevane hatt nye klasserom i kyrkjelydshuset og ved Sunnylvsbygda grendahus.
Det hadde gått bra, vi har vore eit fantastisk lag ved skulen så no er vi på plass igjen, sa rektoren.

Aktivitetsdagen

I si helsing under skuleavslutninga til foreldre, sysken og andre fortalde Roar Seljeset litt om det elevane hadde fått opplevd og vore med på i tillegg til «vanleg» skule. Han tykte det var flott at mange lag og organisasjonar i bygda engasjerte seg i aktivitetar for elevane og tok fram spesielt aktivitetsdagen som Sunnylven sanitetslag, Sunnylven bygdekvinnelag og Fjellrosa 4H arrangerte i mai.

Litt kjekt med heimeskule også tykte småskulen som kom med fleire kvikke innslag i programmet.

Artige programinnslag

Dei frammøtte fekk sjå mykje kjekt program som elevane hadde øvd inn, fyrst småskulen og så av storskulen. Også to komposisjonar som skulen sende inn til Veslefrikk-konkurransen og som kom heilt til finalen vart framført.
Publikum fekk gjenhøyr med Subwoolfer, den norske gruppa som representerte landet i Melodi Grand Prix, og det vart fleire sjølvkomponerte innslag med artige kommentar.

Offisiell opning i september.

Nye korona-variantar har gjort at den nyrenoverte Sunnylven skule ikkje er offisielt feira og opna enno. Det vil skje i september med innbedne og andre til stades, sa Roar Seljeset som har søkt om eitt års permisjon frå stillinga som rektor ved Sunnylven skule. Han går til jobb i Hornindal skule, i bygda der han har bustad.
Om det ikkje kjem søkjarar på rektorstillinga blir Sunnylven skule frå hausten av leia av eit team på tre, Liv Norunn Langeland, Susanne Margrete Ringdal og Magnar Tufte Tyssen.
Fyrste skuledag i det nye skuleåret blir måndag 22. august.

Rektor Roar Seljeset har søkt seg over som rektor ved Hornindal skule. Kristin Storstein frå FAU overrekte gåve og rosande omtale som takk for mange år ved Sunnylven skule, ord som gjorde den mykje omtykte rektoren litt rørt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380