Sommaravslutning i Sunnylven Barnehage.

Tysdag 28. juni var det sommaravslutning i Sunnylven Barnehage. Der fekk foreldre, sysken og andre ei kjekke stund med både servering og litt program.
Om ikkje sola kom var det opphaldsver og god temperatur då Sunnylven Barnehage inviterte til sommaravslutning på uteområdet. Svært mange kom til ei triveleg stund saman med born og tilsette.
Til avslutningsfesten hadde foreldre baka og vertskapet hadde både kaffi og saft å by på. I tillegg til god drøs mellom dei frammøtte vart det vist flotte programinnslag av borna.
Drama på veg til sætra
Ei dramatisering av eventyret «Dei tre bukkane som skulle til sæters å gjere seg feite» vart spanande, og morosamt. Som i eventyret let trollet den minste og den mellomste bukken få passere over brua, men då den store kom vart det kamp. Det enda som i eventyret med at trollet datt i elva og døde.
På programmet stod også litt dans. Tidlegare i juni hadde Sunnylven Barnehage vore i Helstad Barnehage på Stranda og dansa BliMe-dansen saman med adre born då Fantorangen var på besøk i kommunen. Tysdag fekk dei frammøtte sjå den kvikke dansen der også fleire eldre sysken tok del og hadde det artig.
Ripsbærbuske i gåve
I år «reiser» ni born frå barnehagen og over til Sunnylven skule, eitt av dei største kulla for å vere i Sunnylven. Som gåve frå dei ni og takk for flotte år fekk barnehagen overrekt eit lite ripsbærtre, og dei tilsette ei stor korg godteri.
-No vurderer vi kvar vi skal plante ripsbærtreet vårt, fortel einingsleiar Hilde Langlo Brekke.
-Frå hausten av kjem det inn tre nye born så antallet går litt ned, men vi er ikkje fleire. Det er naturleg at talet på born ute i distrikta variere litt frå år til år, seier Hilde Langlo Brekke.
Siste dag i Sunnylven Barnehage fellesferien er fredag 8. juli.
-Og 8. august er vi i gong igjen, fyrste med ein planleggingsdag, seier Hilde Langlo Brekke.