LokalnyttUkategorisert

Storfjordstemne på Ytste Skotet 12. juni

Storfjordstemnet 2022 vert i år halde søndag 12. juni på Storfjordens Venner sin eigen gard Ytste Skotet i Fjord kommune.

Styret har valt i leggje Storfjordstemnet 2022 til Storfjordens Venner sin eigen gard – Ytste Skotet – 225 meter over fjorden i Fjord kommune.

Program
Storfjordstemnet 2022 blir også i år fullt av opplevingar og noko for alle aldersgrupper.

Under årets stemnet til Storfjordvener blir det eit rikhaldig program med opning ved styreleiar for Storfjordens Venner, Inge Bjørdal, helsing frå ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, song av Jenny Marita Sørås, -refleksjonar frå tida eg budde på Ytste Skotet og dreiv garden, ved Ingvild Hansen Nystad, og mykje meir.

Det blir sal av rjomegraut, pølse og kaffi og det blir høve til å kjøpe diverse anna, som stemneskjorter, caps, bøker og kalender, og sjølvsagt teikne seg for medlemskap i Storfjordens Venner, heiter det i innbydinga til stemnet.

Om historia til Ytste Skotet

Garden er omtala både av Snorre og i Flatøyboka. Her levde folk då Håkon den gode var konge i landet, til han fall i Fitjar i året 960.
Etter svartedauden kom der folk igjen på Skotet rundt år 1600. Seinare vart garden delt i fire, med rike bergensarar som eigarar. På 1700-talet kjøpte bøndene seg fri. Ytste Skotet er den største med 45 dekar er dyrka jord, og dette var ein gong den største korngarden i Stordal kommune. 4–5 kyr, 20 geiter og 8 sauer hadde dei til vanleg. Den tradisjonelle driftsmåten med korn på innmark og beite og slått på utmark blei halden i hevd heilt fram til 1954, då dei siste brukarane flytta. Vinterfôret henta dei i utmarka og lagra det meste i utløer.

I 1989 hadde husa stått tomme sidan 1954. Då slokna elden etter meir enn 300 år med varme i stova. Forfallet tok over. Stovehuset og stabburet hadde platetak og berre mindre skadar. Løa var nesten havarert og på eldhuset hadde alt treverk rotna. Fleire hus låg heilt på marka. No er alle vølte eller nybygde i kopi.

Å kome seg til Ytste Skotet

Båt frå Ørsneset
Kl. 09:00 frå Ørsneset til Ytste Skotet. Retur siste båt etter stemnet.
Kun éin tur; max. 45 passasjerar (først til mølla). Retur etter stemnet; siste tur frå Ytste Skotet. Påmelding på e-post til einar@verdsarvfjord.no innan fredag 10.6

Båt frå Dyrkorn:
Fyrste båt går frå Dyrkorn kl. 09.30. Pris pr. person tur/retur kr. 250.-

Til fots:
*Oppmøtestad: ved kraftstasjonen/vassinntaket i Fasteindalen (sjå kartvedlegg)

*Oppmøtetidspunkt: kl. 09:30

*Vanskegrad: 3 +

*Kontaktperson: Hilde Straumsheim. M: 901 68 669.

*Ta med godt fottøy og kle deg etter forholda

*Atterhald ved dårleg vêr

*Påmelding på e-post til einar@verdsarvfjord.no innan fredag 10.6.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380