Lokalnytt

Storsiger for gutelaget

Sunnylven G13 7-ar spela seg til storsiger på heimebane laurdag. (Arkivfoto)

Sunnylven G13 7-ar spela seg til kalassiger mot Hjørungavåg på Hellesylt stadion laurdag. Då domar Odd Even Svindseth bles for full tid stod det 15 – 1 til heimelaget.

Det vart mange mål og fleire av Sunnylven sine spelarar kom på skåringslista i kampen mot Hjørungavåg. Etter 7-0 ved pause stod det 15 – 1 ved full tid. Gjestane fekk sitt mål etter halvspela andre omgang.

Heimelaget møtte eit av dei mindre gode laga i serien laurdag, men viste mykje flott spel som resulterte i den overbevisande sigeren. Vi trur at trenar Eivind Louis Helset har instruert godt på trening og prenta inn gode mottak, støttepasningar og det å bruke heile banebreidda i angrep. Til tider imponerte laget med flott samspel, ikkje berre med beina, men også med hovudet.

Som for fleire av Sunnylven sine lag er det spelarmangel for G13-laget. På innbyttarbenken var jentespelarar som også fekk kamptrening og hevda seg godt. Under periodar var forsvarsrekka på 7ar-laget berre jenter med Sina, Ingeborg og Tonje som også er fast burvaktar for både J13 og G13 til Sunnylven.

Ny kamp på Hellesylt stadion i morgen søndag 12. juni kl. 14.00 Då møter Sunnylven J 13 – SIF/Hessa.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380