Lokalnytt

Sunnylven J13 avslutta vårsesongen med siger

Sunnylven J13 sitt vinnarlag mot Vigra. Frå venstre; Siv-Anita Nessan, Tora Rusten, Sina Frøysa, Ingeborg Fivelstad Stadheim, Selma Sjåstad Hole, Kristin Langeland, Marta Friestad, og Tonje Støverstein. Bak ein godt nøgd lagleiar Knut Dag Langeland

Det vart ei spanande avslutning på vårsesongen for Sunnylven sitt J13-lag. Avgjerda og sigeren kom i det aller siste speleminutt.

Det låg an til poengdeling for Sunnylven sitt J13-lag mot Vigra søndag. Heimelaget Vigra leia 2-1 ved pause, men like før slutt stod det 3-3.
Men Sunnylven jakta siger heilt til domaren bles for full tid, noko som resulterte i ei skåring av Kristin og 4-3 for Sunnylven. Det målet resulterte i høyrbar jubel av dei raude og blå på flypassøya.

Sigeren mot Vigra var den andre for laget i vårsesongen. Også mot Skodje reiste Sunnylvjentene heim med alle poenga (6 – 10).
Laget har gjort ein god serie sjøl med 6 poeng og 6. plass på tabellen. Mange av kampane har enda med eitt eller to mål tap så med litt meir hell kunne det ha blitt fleire poeng og ei høgare plassering for Sunnylven J13.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380