Lokalnytt

Sunnylven opna med sigrar i Lerum Cup

Sunnylven kunne juble høgt på fyrste dag av Lerum Cup etter sigrar mot to gode lag. (Foto: Eivind Louis Helset)

Sunnylven J -og G13-lag er på Lerum Cup i Sogndal. Fyrste dag av fotballturneringa har rulla Sunnylven sin veg med to sigrar på to kampar.

Av trenar Eivind Louis Helset

Speledag en av Lerum Cup er over. For Sunnylven vart det to sigrar, 9-4 mot Os, og 4-3 mot Høyang.

Kamp 1 fredag 24. juni
Os – Sunnylven 4 – 9

Kampen mot Os starta nervøst, Det vart varmt i strålande ver og vi låg under 2-0 etter kort tid.
Men så kom vi inn i spelet spelarane har vist heile sesongen, og vi gjekk frå 0-2 til 3-2.
Os utlikna like før vi fekk 4-3 sekunder før pause.

I andre omgang såg vi oss ikkje tilbake og vi gjekk jamt og trutt til 8-3 før laget frå Os fekk ei redusering på slutten. Så fastsette vi sluttresultatet til 9-4 like før sluttsignalet.

Målskårarar for Sunnylven mot Os:
Trym 3
Ari 3
Oskar 2
Sander 1

Kamp 2 fredag 24. juni
Høyang – Sunnylven 3 – 4

Etter ei pause var det klart for kamp to. No var det Høyang som vann sin fyrste kamp mot Fagernes 4-0.
Sunnylven var meir på frå start og hadde god kontroll. Vi fekk to kjappe skåringar og leia kampen trygt mot pause. Likevel klarte Høyang å redusere på eit nydeleg langskot .

I andre omgang vart det seks målrike minutt. Sunnylven auka til 4-2 før nok eit fint mål frå Høyang skapte spaning i kampen:
Det siste som skjedde var frispart til Høyang like utanfor 8-meteren. Heldigvis klarte vi å stå i mot og vi fekk nok ein siger.

Målskårarar for Sunnylven mot Høyang:
Trym 2
Oskar 1
Ari 1

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380