Ti elevar fekk sine avgangsvitnemål
Under sommaravslutninga ved Sunnylven skule onsdag 22. juni fekk ti elevar sine avgangsvitnemål utdelt av rektor Roar Seljeset og kontaktlærar Egil Dolmen.
Gjensidig solidaritet og veldig godt samhald hadde prega denne avgangsklassa, sa Seljeset i si helsing til elevane før utdeling av vitnemåla.
Elevane har vore ulike med stor spenvidd i personlegheit, men alle hadde vore kjekke og hatt fin framferd ved skulen.
Både vi i skulen og lag og organisasjonar i bygda har lagt vekt på å skape eit trygt oppvekstmiljø. Det er difor vi med stoltheit no kan la dokke reise ut og bli kjent med nye personar, sa rektor Roar Seljeset mellom anna.
Han takka også foreldra for godt samarbeid.
Etter at alle hadde fått sine vitnemål var det elevane sin tur til å fortelje om opplevingar ved skulen gjennom ti år, menge episoder som påkalla latter mellom foreldre og andre i eit nyoppussa Sunnylven samfunnshus.
Desse fekk sine vitnemål under sommaravslutninga ved Sunnylven skule.
Marte Solli Frøysa, Daniel Sæther, Falko Ferris Van Der Plas, Helene Hellebostad, Ørjan Frøysadal Hauge, Amalie Sporstøl Ravelo, Thomas Sander Hole, Nikoline Frøysa Hellebostad, Konrad Lade, og kontaktlærar Egil Dolmen. Natasja var også avgangselev, men sjuk og ikke med på bilde.