Toalett ved Flofjellvegen rigga for bruk

Den fyrste gruppa med cruiseturistar gjekk sist veke over Flofjellet frå Vollset til Flo i Nordfjord. Og toalettet ved parkeringsplassen på Vollset er opna for bruk.
Ein av dei populære utfartområda for turgåarar er Flofjellvegen. Den vart betydeleg opprusta så seint som i 2016, og ved den store parkeringsplassen på Vollset kom også eit Jet vakuumtoalett. Det er no opna for sesongen.
Etter Flofjellvegen går fleire tusen personar kvar sommar, ikkje berre frå nærområdet, men også fleire bussgrupper av cruiseturistar legg turen over fjellet og får naturopplevingar av dei sjeldne.
I år har fyrste gruppe gjort unna «fjellturen» alt, litt tidleg meiner kjentfolk. Heilt trygg for øvefåre er ikkje turen enno, for framleis ramlar det både snø og stein på visse strekningar, får vi opplyst.
Men fasilitetar for trengande er klart til bruk. Det aller fyrste Jet vakuumtoalettet som vart rigga ved eit utfartsområde i Stranda kommune kom i juli 2016. Toalettet, som er gratis i bruk blir drifta av batteri som blir oppladda av solcellepanel på taket.