Lokalnytt

Ute av Lerum Cup

Sunnylven tapte kvartfinalen mot Volda grøn 6-4 laurdag. Dermed er Lerum Cup over for denne gong for Sunnylven sine gutar og jenter i klasse 13 år.

Av trenar Eivind Louis Helset

I dag var arenaen på Hafslo, dit det var ein halvtime med buss etter frukost.
Volda var fyrste motstandar eit lag vi kanskje hadde bygd opp til bli for store.
Alt etter fem minutt låg vi under 4-0. Volda sett også eit mål til  før pause og kampen var kanskje allereie tapt.
Vi gjekk ut etter pause med innstilling å gløyme fyrste omgang  og gå med hovudet heva. Og det gjorde vi. I andre omgang var vi like gode og skåra to mål, like mange som Volda og kampen enda med tap 7-2.

Mål Sunnylven:
Oskar 1
Trym 1

Neste kamp mot Fagernes

Etter ei pause på to timar som gjekk til å sjå på andre kampar og lade batteria, stod Fagernes for tur.
Vi rullerte mykje på laget til denne kampen. I fyrste omgang skåra vi jamt og trutt og gjekk til pause med 4-0. Ein omgang vi kontrollerte trygt.
Fleire mål vart det ikkje og kampen enda med siger 4-0.

Mål for Sunnylven:
Trym 2
Oskar 1
Sander 1

Kvartfinale mot Volda grøn

Sigeren i kampen gjorde at vi kom på andre plass i dei innleiande rundane og laget var klar for kvartfinale seinare laurdag.
Her var det Volda grøn frå pulje B som var motstandar.
Mellom desse kampane lada vi batteria inne i Sogndal. Det var plass til tivoli før det var på tide med mat.
Både fredag og laurdag fekk vi servert mat i Høgskulesenteret og på menyen stod taco fredag og lasagne laurdag.

Kvartfinale.

Alle kampane vart spela på naturgras. Det var uvant for oss, men sikkert også for dei fleste andre av motstandarane.
Volda hadde med ein stor heiagjeng som tidvis likevel vart utkonkurrert av Sunnylven sine foreldre som heia på sine og skapte stor stemning under kampen.

Også i denne Volda-kampen kom vi under 2-0, men denne gongen svara vi voldingane. Etter tre relativt kjappe mål var det vår tur til å leie kampen. Men Volda utlikna og gjekk i leiinga 4-3 til pause.

Etter kvilen var kampen jamn sjølv om Volda gjekk opp i 6-3-leiing.
Sunnylven kjempa tappert og fekk til slutt ei redusering. Dette resultatet heldt seg kampen ut og Volda vann 6-4 og gjekk vidare til semifinale.
Dermed var det slutt for Sunnylven sine gutar og jenter for denne gong i Lerum Cup.

Mål for Sunnylven:
Trym 2
Oskar 1
Ari 1

Sjølv om Volda vart for sterke og spelarane deppa etter kampen er det viktig å sjå det positive.
Sunnylven vann tre kampar og tapte to. Vi stilte med ti spelarar, 5 gutar og 5 jenter i gutte 13 år!
Takk for innsatsen!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380