Lokalnytt

Utstilling med historisk innhald på gamleskulen.

Leiar i Gamleskulen Aktivitetsmuseum, Arne Ringdal og Kari Hauso Stadheim var på Stranda bibliotek og fann eit høveleg utval av Verdsarvutstillinga for å vise fram på Hellesylt

I gamleskulen på Hellesylt blir å sjå ei utstilling i bilder og tekst om fjord og fjellgardar langs fjordane. Utstillinga blir opa laurdag 9. og søndag 10. juli.

Til helga 9. og 10. juli har Gamleskulen Aktivitetsmuseum på Hellesylt fått låne deler av ei bildeutstilling laga og sett saman av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Storfjordens Venner. Utstillinga blir å sjå i lokala til gamleskulen på Hellesylt laurdag 9. juli mellom klokka 12.00 og 15.00, og søndag 10. juli klokka 13.00 til 16.00.

Utstillinga er montert i store kasser laga av finerplater og der har kvar vegg bilder og tekst om gardar langs Storfjorden og Geirangerfjorden.
Teksten som føl bileta er både på norsk og engelsk og fortel om arbeidsdagar og strevsamt liv for folket som budde på gardane, om øvefåre og meir.
Her er også illustrasjonar på byggeteknikk som vart nytta i «gamle dagar».

Tysdag denne veka vart tre store kasettkasser og tre enkle plansjar henta frå Stranda bibliotek der utstillinga til vanleg held til. Då biblioteket på Stranda er stengt i juli fekk Gamleskulen Aktivitetsmuseum låne deler av utstillinga som no er på plass i den gamle skulestova på Hellesylt.

Vi anbefaler eit besøk til gamleskulen andre helga i juli, både for å sjå og lære om livet på fjellgardane langs fjorden i eldre tider, men også eit kjøp av kaffi og kaker.

I gamleskulen på Hellesylt kan ein sjå mange historiske bilete og lese om eit til tider strevsamt liv på fjord og fjellgardane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380