Lokalnytt

Britt Pernille Frøholm med konsert på Kulturbedehuset

Britt Pernille Frøholm spelar Kjellstad-slåttar på Kulturbedehuset på Hellesylt søndag 10. juli. (Foto frå arkivet)

Den lokale Verdsarvutstillinga i Kulturbedehuset på Hellesylt er opa for innsteg. Søndag 10. juli blir det konsert med folkemusikaren Britt Pernille Frøholm og slåttar etter Kjellstad-spelemenn.

Den mykje kritikarroste folkemusikaren Britt Pernille Frøholm frå nabobygda Hornindal gav i 2020 ut eit soloalbum som ho tileigna slåttetradisjonen etter to Kjellstad-spelemenn, Ola og Ivar Kjelstad. Meisterspelaren kalla albumet «Fokhaugen», bustaden på Kjellstad der dei to spelemennene vaks opp.

Søndag 10. juli blir Britt Pernille Frøholm å høyre på Kulturbedehuset på Hellesylt der det blir ein times konsert med folkemusikk, mest slåttar frå plata «Fokhaugen».

Eit spanande djupdykk

I omtalen av soloalbumet heiter det at Frøholm har gjort eit djupdykk i musikktradisjonen etter dei to spelemennene frå Sunnylven.
-Det har vore ei spanande reise å gå inn i tradisjonen frå Kjellstad, har Britt Pernille uttala.

Nye arrangement seinare

Styret for den lokale Verdsarvutstilling på Hellesylt ønskjer i tida framover å poste arbeid av personar som er med i utstillinga, seier Anne Jorun Sæten.
Kjellstad-spelemennene er dei fyrste som blir posta, seinare kjem det fleire slike arrangement med andre, seier ho.

Kjellstadspelemennene Ola og Ivar. (Foto frå Bygdeboka)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380