Lokalnytt

Cruisebåten IONA har kansellert Hellesylt

Cruisebåten IONA har kansellert besøket til Hellesylt i dag 13. juli.

Cruisebåten IONA kjem ikkje til cruisekaia og dagsbesøk på Hellesylt onsdag 13. juli. Årsaka er vind og varsel på værmeldinga.

Cruisebåte IONA skulle etter cruiselista klappe til kai tidleg onsdag 13 juli og ligge på Hellesylt heile dagen. Som sist onsdag er besøket kansellert. Årsaka er vind og varsel på værmeldinga, får hellesylt.info opplyst hos Stranda Hamnevesen.
På Hellesylt er det onsdag meldt vind på 2 meter i sekundet (kast på 7), overskya, litt regn og litt sol.

Cruisegiganten ligg i følge Ais Traffic i Flåm i Aurland. Været i flåm er 1 meter i sekundet ved vindkast på 6-7 og overskya.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380