Lokalnytt

Fekk uro i dansefoten på bedehuset

Britt Pernille Frøholm spela fleire slåttar etter dei to Kjellstad-spelemennene, Ivar og Ola Kjelstad.

Under Hellesyltdagane 2022 fekk publikum oppleve mange kjente innslag, men også ein heilt spesiell konsert i Kulturbedehuset. Her fekk publikum høyre folkemusikaren Britt Pernille Frøholm spele slåttar.

Styret for den lokale Verdsarvutstillinga på Hellesylt vil la aktørar presentere kjente personane som prydar utstillinga i Kulturbedehuset. Søndag var fyrste posting av Kjellstad-spelemennene Ivar og Ola Kjelstad.

Til å presentere gjeremål og musikk etter dei to spelemennene hadde leiinga hyra inn folkemusikar Britt Pernille Frøholm frå Hornindal. Konserten fylte salen og delvis galleriet på Kulturbedehuset, kanskje var fleire innom enn noko arrangement tidlegare, og musikaren frå nabobygda leverte.

Det ser så lett ut når Britt Pernille svingar felebogen over klarstemte strengar. Ho skifta stadig mellom dei fire instrumenta ho hadde med, tre hardingfeler og ei vanleg fele, og frå repertoaret tona det ut både springar og reinlender i tur og orden. Nå hallingen klang i bedehusveggane var det nok mang ein gamal og stør dansefot som uroa på seg, eller fantasien tok laust om hallingkastet der hatten fauk gjennom lufta frå riveskaftet.

Britt Pernille Frøholm tok forsamlinga med i eit vidt spekter av gode spelemenn og svingande folkemusikk, det var takt i både vals, reinlender, springar og turar. Mykje av musikken ho spela har ho samla i «Fokhaugen», ei prisbelønna plate med folkemusikk frå Sunnmøre og Nordfjord.

Til alle slåttane hadde ho lese seg opp om komponistane og hadde utfyllande kommentar både om når slåtten vart komponert og kva hending som gav inspirasjon, eksempelvis «Bryllaupsaften på Seljeset».

Det var ein eventyrleg søndagstime som var godt verd inngangsbilletten, i alle fall for dei som er opptekne av det folkelege særpreget i norsk musikk. Britt Pernille Frøholm avslutta konserten i Kulturbedehuset med «Kjellstadhallingen»

Søndag var det eitt av dei folkerike arrangementa på bedehuset på Hellesylt.

.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380