Lokalnytt

Flytta konsert frå Kurlå til badestranda

Opningskonserten under Kulturdagar på Hellesylt er flytta frå Kurlå til Badestranda på Hellesylt.

Konserten på Kurlå onsdag 20. juli skulle vere opningskonsert under Kulturdagane på Hellesylt 2022, men konserten er fytta til badestranda på Hellesylt. Det store pianoet vart for tungt å få til gards.

Alt er i rute til dei fyrste Kulturdagane på Hellesylt som skulle opne med konsert på Kurlå onsdag. Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide hadde sett saman ein konsert med songar som skulle spegle den mektige naturen som omkransar konsertstaden.
No vart det ikkje Kurlå denne gongen. Sjølv om arrangør Anders Adolfsson hadde hyra inn fleire sterke menn vart pianoet for tungt å få til gards på veglause Kurlå.

Litt trasig å måtte gje opp, men badestranda på Hellesylt er inga dårleg erstatning.
Der blir det ein liten times konsert med Kristin Storstein sang og Gunnar Inge Eide på piano.
Konserten er på same tid som tidlegare annonsert, onsdag 20. juli klokka 15.00.

Ander Adolfsson har satsa på arrangementet Kulturdagar på Hellesylt. Men han er litt skuffa over responsen og førehandssal av billettar. Dei må kjøpart på www.tikkio.com då svært få billettar blir selde ved døra på Hægstad Gård.
Adolfsson håper folk støttar opp om arrangementet, det er svært dyktige artistar som er hyra inn til konsertar både på utescena og i galleriet der pianist Aksel Kolstad underheld på fredag. I vestibylen er fotoutstilling av Rune Kleiven, og i kafeteriaen blir det mange gode opplevingar, som ølsmaking med mat til på laurdag.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380